Gudrun Rygnestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. november 2012 kl. 20:15 av Gudrun Rygnestad (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudrun Rygnestad

Gudrun Rygnestad (fødd 14. november 1938 på Rygnestad i Valle kommune) er no som pensjonist aktiv produsent av handlaga nissar, setesdalsdokker, trefigurar, filleryer og mykje anna handarbeid. Ho har budd mange plassar i Sør-Norge, men frå 1972 har ho budd i Aust-Agder, men har hytte ved Bjørnevatn og held god kontakt med heimbygda. Ho gjekk på Fredtun folkehøgskole, Åmli realskule, Bø landsgymnas 1958 og tok deretter lærarutdanning på Statens lærerskole i husstell Stabekk, der ho var ferdig i 1964. Ho har også utdanning frå Bedriftsøkonomisk Institutt.

Ho var lærar på Ringerike folkehøgskule, Sandar yrkesskule, Oslo husmorskole og i grunnskulen i Valderøy. Ho var lærar og rektor på vidaregåande skule i Risør i 13 år og på vidaregåande skule i Arendal etter det, før ho vart knytt til fylkesadministrasjonen i Aust-Agder frå 1993. Frå 1968 til 1972 var ho hotellbestyrarinne på Hotel Continental i Oslo. Yrkeslivet starta 1957 då ho reiste til England og vart avslutta i 2009 i Arendal då ho var 71 år.

I ein alder av 74 år etablerte ho nettbutikken «NisseFabrikken».

Kjelder

Eksterne lenker