Eva Fuglestveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. november 2023 kl. 08:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eva FuglestveitSymbol unrelated.svg
Eva Fuglestveit.jpg
Eva Fuglestveit.
Foto: Privat
Født: 1. oktober 1947 (76 år)

Eva Tove Badendyck Fuglestveit (fødd 1. oktober 1947 i Mandal) var lærar på Byremo vidaregåande skule, Byremo ungdomsskule og Byremo barneskule frå 1970 til ho vart pensjonist i 2014. Før ho kom til Byremo var ho tilsett som kroppsøvingslærar ved Hornnes landsgymnas frå skuleåret 1966/1967. Ho tok etterutdanning og vart adjunkt i 1995, etter fire års studiar ved Høgskulen i Agder.

Eva har også vore politikar for Arbeiderpartiet med to periodar i Vest-Agder fylkesting og kommunestyrerepresentant i Audnedal i tre periodar. Ho var varaordførar i dei to siste periodane.

Eva Fuglestveit har vore sterkt engasjert i det frivillige arbeidet i Audnedal. I Grindheim IL har ho vore aerobic-instruktør i bortimot 40 år. Ho spelte baryton i skulekorpset på Byremo i mange år. Ho har som pensjonist teke på seg styreverv i både Grindheim helselag og Grindheim Bygdekvinnelag. Ho er framleis instruktør på helsetrimmen for Helselaget ein gong i veka.

Eva er gift med Steinar Fuglestveit. Dei gifta seg i 1967. Dei har tre born: Gry Fuglestveit Bløchlinger, ordførar i Notodden, arkitekt Stein Åge Fuglestveit og skodespelar Ann Ingrid Fuglestveit-Mortensen.

Kjelder