Byremo Landhandel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Byremo Landhandel var ein Joker-butikk på Byremo i Grindheim i Audnedal. Ei lokal investorgruppe tok over eigarskapen til butikken frå 1. mars 2022, etter at Sigvart Ertzeid hadde drive han i 44 år. Henrik Stordal var dagleg leiar. Det var også fleire deltidstilsette i butikken. Omsetninga låg rundt 13 millionar kroner i året. I april 2024 blei butikken lagt ned, og flytta til nye lokale rett i nærleiken under namnet Joker Byremo.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, – Sommaren er vanskelegast, artikkel i Setesdølen nr. 70, 2022, side 5
- Sigurd Haugsgjerd, Opna ny Joker-butikk på Byremo, artikkel i Setesdølen nr. 32, 2024, side 6