Bygland kommune

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mai 2009 kl. 23:16 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (mellomtitler)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygland kommune ønskjer å:

LEGGJE TILHØVA SÆRSKILT TILRETTE FOR UTVIKLING AV EKSISTERANDE OG NYE ARBEIDSPLASSAR SOM ER ATTRAKTIVE FOR YNGRE ARBEIDSTAKARAR


UTVIKLE BUSTADPOLITIKKEN SLIK AT DET LOKALE TILBODET OM BUSTAD GJER DET ATTRAKTIVT FOR UNGDOM OG FAMILIAR Å ETABLERE SEG


SKAPE ATTRAKTIVE MILJØ I KOMMUNEN VED Å FREMJE EI BEREKRAFTIG UTVIKLING, OG EIT TENESTE- OG SERVICETILBOD SOM HAR SÆRSKILT MERKSEMD PÅ DEI UNGE SINE BEHOV


Folketal og busetting

Bygland kommune er ein triveleg plass å bu, og det er trygt for barn å vekse opp i oversiktlege lokalmiljø. I år 2000 var det ca. 1350 innbyggarar i kommunen. I nasjonale prognoser er det venta at ca. 230 av kommunane i landet vil få nedgang i folketalet frå årtusenskiftet. Sett i eit lengre perspektiv har det vore nedgang i folketalet i Bygland i fleire generasjonar.

Kommunen har satsa sterkt på å legge til rette for nye arbeidsplassar, og behalde eksisterande verksemder. Dette har bl.a. ført til at Bygland har hatt fleire arbeidsplassar enn ein "brukar sjølv" på store delar av 90-talet. Det er betydeleg innpendling frå nabokommunen Evje&Hornnes. Søndre del av Bygland og Evje er ein felles arbeidsmarknad.

I perioden 1985-2000 er det bygd 87 nye bustadhus i Bygland, fordelt med 15 hus spreidd busetnad og 72 i tettbygde strøk (byggefelt). Dei største byggefelta ligg i Bygland / Byglandsfjord.


Sentrumsutvikling

Kommunen satsar sterkt på ny utvikling i Bygland sentrum, med bl.a. tilrettelegging for IT-miljø i moderne lokale med framført breidband datanett. I sentrum blir det satsa på trivselstiltak, og m.a. er det opna ein ny ungdomsklubb med data-, multimedia- og musikkutstyr. Ny privat vidaregåande skule etablerer seg i sentrum år 2002.


Næringsliv

Dei største private bedriftene er Byglandsfjord Sag og Bygland Plast. Det er fleire verksemder innan varehandel/hotell, med det kjende Revsnes Hotell på Byglandsfjord som det største. I dei største private verksemdene arbeider tilsaman ca. 200 peronar (heil & deltid). Den største einskildverksemda er Bygland kommune, med sysselsettingseffekt på ca. 135 årsverk. I Landbruket er det ca 90 årsverk.

Den siste 10-års perioden har næringslivet generelt vore prega av sterk omstilling. Ei særskilt satsing i sentrum er prosjektet "Bygland næringsbed", som er eit forsøk på å legge til rette for IKT-basert næringsutvikling på ein måte som høver for lokalsamfunnet. Kommunen satsar vidare på kompetanseheving og omstilling av det eksisterande næringslivet. Dette skjer via det regionale samarbeidet i Setesdal Regionråd/Setesdal Næringsfond.

I kommunen er det eit stort potensiale for utleige av jakt & fiske. Byglandsfjorden er eit sentralt satsingsområde. Fiske og reiselivsaktivitetar bli utvikla; - foredling / røyking av fisk, overnatting i hytter m.m. Det er ei aktiv jeger- & fiskeforening som disponerer jaktterreng m/hytte for utleige. Fiskekort kan kjøpast i forretningar rundt om i kommunen.


Kultur og fritid

Borna i Bygland har mange tilbod på fritida, og det frivillige organisasjonslivet er aktivt. Den nye ungdomsklubben er kveldsopen onsdag og fredag, og samlar 30-50 undomar kvar gong. Bygland samarbeider med Evje & Hornnes kommune om kulturskule.

I kommunesenteret er det lagt ned mykje midlar på friområdet på Tangen. Her er flott badestrand midt i sentrum. Dette området gjev stor trivsel og godt bumiljø i Byglandsbygda. Det er cafè & pub like ved friområdet, samt eit lite miljø av kunstverksemder i Bygland (glashytte & kunstatelier) som vil bli utvikla vidare (m.a. sølvsmed). På Nesmoen nær sentrum er også badeplassen Gullsand, med Bygland Fjordhotell som næraste nabo.

På Byglandsfjord er badeplassen Vassendkilen, regulert som friområde. I Grendi er fine strender for bading. Andre viktige område er Sines, Dalsbukta, Rakkenes og Reiårsfossen/Osefèti.

Typiske turmål i kommunen er m.a. Årdalsknapen, Tjuvhòla, Fånefjell og Geiteryggen. For heieområda fins turkart med innteikna merka løyper. På vinterstid er en del av løypenettet oppkøyrt for skigåing, og det er fleire lysløyper i kommunen. Om sommaren er det mange fine plassar å reise til med båt på Byglandsfjorden. Frå Byglandsfjord til Ose er det ca. 4 mil med fint farvatn som høver for tur med fritidsbåt.


Geografi og natur

Med eit areal på 1.330,7 km2 er Bygland den nest største kommunen i Aust-Agder fylke når det gjeld flatevidde. Busetnaden ligg i dalsona over ei strekning på omlag 6 mil frå grensa mot Evje og Hornnes kommune i sør til grensa mot Valle kommune i nord.

Dei lågaste områda i kommunen (ca. 200 m.o.h.) ligg ved Byglandsfjorden og Otra, og det høgaste punktet er Røynelifjellet (1162 m.o.h.). Største delan av kommunen ligg over 700 m.o.h. Alle vassdrag i kommunen har avlaup mot sør, og dei største er Otra-, Tovdal-, Kvina-, Mons- og Lognavassdraget. Dei to siste har sitt utspring i kommunen og er varig verna. I kommunen er det ca. 250.000 da. produktivt skogareal og ca. 7.500 da. jordbruksareal. Skoggrensa ligg frå 650-700 m.o.h. Anna areal (fjell, myr, vatn, beite og uproduktiv skog) utgjer omlag 80 % av totalarealet.

Kommunen har eit godt innlandsklima. Heiane skjermar dalsona slik at busetnaden er lite plaga med vind. Vinterklimaet er relativt mildt med snø i rimelege mengder, og sommaren er ofte varm i lange periodar. Byglandsfjorden virkar stabiliserande og varmeregulerande på klimaet i dalsona. Skilet mellom vestlands - og austlandsklima går gjennom kommunen. Det har vore klimamålingar på Byglandsfjord attende til år 1907, og på Austad i perioden 1897-1926. Desse gamle målingane viste m.a. at ingen andre målestasjonar i landsdelen har lågare registreringar av tåke.


Geologi / gullfunn

Storparten av grunnen er grunnfjell. Gneis og granitt er dei mest vanlege. Einskilde sprekksoner har gjeve grunnlag for gruvedrift av t.d. kopar. Geologien er lite undersøkt. I 2001 fekk ein greie på at det er registrert gull i fjellet fleire stader i kommunen. I området ved den gamle Hamre-gruva, på andre sida av fjorden ved Bygland sentrum, er det analysert malmprøver som syner at det kan vere nok gull til at det er drivverdige funn.


Offentleg & privat service

Kommunen er stor i areal, og reiseavstanden er over 6 mil frå nord til sør. Innbyggarane har såleis prioritert å få fordela ein del servicefunksjonar også utanom sentrum.

I kommunen er det barneskular på Byglandsfjord og på Bygland, der det også er ungdomsskule. Kommunen satsar på eit godt skule- og skulefritidstilbod, og alle som ønskjer eller treng barnehageplass skal kunne få tilbod om det. Barnehagetilbodet er desentralisert i kommunen.

I tettstaden Byglandsfjord ligg dei fleste største verksemdene, og her finst alle dei mest vanlege servicefunksjonane for innbyggarane i søndre del av kommunen. Her er også avstanden kort til regionsenteret Evje m.o.t. handel.

Ose er sentrum for nordre del av kommunen, og her finst butikk, posttenester, og diverse småverksemder m.a. cafè, brukskunst og sølvsmed.

Kommunesenteret Bygland er ikkje stort, men effektivt. Det er god plass til å parkere, og innan gangavstand kan ein finne dei mest brukte private & offentlege servicefunksjonar:

  • bank & forsikringstenester
  • daglevarebutikkar & post
  • hotell, cafè/pub og gatekjøkken / div. småverksemder
  • lege- og helsesenter / sosialkontor / pleie- omsorgstenesta
  • soknepresten / kyrkja
  • bibliotek / kultur
  • politi / lensmann / andre statlege og kommunale kontor