Silje Marie Rygnestad Nesvaag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. september 2011 kl. 00:19 av Silje (diskusjon | bidrag) (Eksterne lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Silje Marie Rygnestad Nesvaag med boerboelen Loba

Silje Marie Rygnestad Nesvaag (født 1983) er leiar for PPT Setesdal frå februar 2011, då ho tok over etter Olav T. Åkre. Ho vaks opp i Porsgrunn og tok si mastergrad i psykologi ved NTNU i Trondheim hausten 2010. Masteroppgåva hennar var Tassende terapi. - Teoretisk innlemmelse av hundeassistert terapi iskjemafokusert kognitiv behandling av borderlinepersonlighetsforstyrrelse, den skreiv ho saman med Julie Valen.

Besteforeldra hennar kom frå Utistog i Bykle. Garden ligg like ved Bykle kyrkje og er ein av dei tre største gardane i Bykle, og Silje Marie Rygnestad Nesvaag arva garden som tenåring. Ho har hatt utsetting med buplikta på grunn av utdanning, men då ho fekk jobben i PPT Setesdal med kontorstad i Valle, høvde det godt å bu på garden som ho har brukt som fritidsbustad tidlegare.

I fritida er ho aktiv innan kampsport og har vore innom både kickboksing, shootfighting, boksing og mixed martial arts. Ho er og aktiv innan vektløfting. 5. mars 2011 fekk ho sølv i vektløfting i 75-kilosklassen i NM.

Kjelder

Eksterne lenker