Onsdagsprogram Valle Radio 20110406
Onsdagsprogram Valle Radio 20110406 syner programmet i Valle Radio 6. april 2011. Ansvarleg for sendinga var Øyvind Jacob, teknikar var Liv Gunn Viki.
Program
18.00 Aktuell time
- Øyvind snakka med Torunn Charlotte Nyberg Lund om Valle Naturkjøt. Dei har slakta første dyret. Kjøtet vart fordelt på aksjeeigarane, som fekk 45 kg kvar å selje vidare eller bruke sjølv.
- Neste gjest var Fredrik Korsvik, som har vore lensmannsbetjent i Valle sidan 1. mars 2010. Han er kjent i Valle ettersom familien har hytte ved Bjørnevatn.