Gunhild Nordgaard
| Gunhild Nordgaard | ||
|---|---|---|
| Født: | 1920 (alder 105–106) | |
Gunhild Nordgaard (fødd 1920) var postopnar i Hornnes i mange år. Ho gjekk folkeskule på Ose og sidan framhaldsskule på Evje. Deretter arbeidde ho i butikk på Bygland eit par år før ho tok eittårig handelsskule i Arendal. Det var på tale at ho skulle gå på gymnas i Drammen, men det sa far hennar nei til.
Då ho var ferdig med handelsskulen i Arendal, fekk ho jobb som assistent på posten på Evje. Seinare var ho vikar i posten på Evje og Bygland. I 1947 gifta ho seg med Håkon Nordgaard frå Byglandsfjord. Ho søkte då jobb på Byglandsfjord, men fekk ikkje den. I staden fekk ho jobb som postopnar på Hornnes frå 1. mars 1947. Mannen hennar arbeidde på garden til foreldra heilt til denne vart avvikla i 1956, då først flytta han saman med kona. I 1948 fekk dei sonen Olav Nordgaard, i 1956 kom Randi Anlaug Nordgaard til verden og i 1962 vart Anne Birgit Nordgaard fødd.
Gunhild Nordgaard heldt fram som postopnar også etter at barna var komne og mannen hadde flytta til Hornnes. Arbeidet som postopnar innebar bokføring, sortering og pakking av post. Til hennar postkontor var det tre landpostruter, ho ekspederte landpostbuda slik at dei fekk posten som skulle til rutene deira. Ho tok nokre kurs for å halde seg oppdatert innan postverket.
Kjelder
- Ho skreiv om bestemora i Hornnes. Artikkel i Setesdølen nr. 47, 2013 side 2
- Randi Nordgaard Dåsvatn: Mormor - mitt store forbilde. Bidrag i «Deltakelse i demokratiet», tekstkonkurranse arrangert av Den norske historiske forening, som fikk 2. premie i konkurransen.