Anny Marie Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. februar 2011 kl. 20:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Anny Marie Brokke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anny Marie Brokke (fødd 18. april 1947 i Stange på Hedmark) er pensjonert sjukepleiar i Valle kommune. Ho vaks opp i Ski i Akershus og tok sjukepleiarutdanning på Ullevål sykehus i Oslo. Ho kom til Brokke i 1972 og har arbeidd ved Valle bygdeheim, men og ein periode i heimesjukepleien.

Ho er gift med Knut T. Brokke og har to søner, Tor Brokke og Geir Brokke. Etter kvart er det blitt fem barnebarn. I 2003 overtok Tor huset i Brokke og Anny og Knut flytta opp i Brokke grendefelt, der dei kjøpte seg eit lite lafta hus.