Klyvslia massetak
Klyvslia massetak er eit massetak i Klyvslia 400 meter sør for Hovassdammen. Massetaket ligg på eigedomen til Knut P. Sandnes, og i medhald av §§ 19 og 84 i Plan — og byggjelova fekk han i møte i Plan og ressursutvalet i Bygland i sak 51/10 den 20. april 2010 dispensasjon frå gjeldande kommuneplan og løyve til å etablere steinuttak i Klyvslia. Bakgrunnen var at Hovassdammen skulle renoverast i 2011.
Villkår
- Løyvet gjeld for inntil 20.000 m3 steinmassar.
- Uttaksområdet må ikkje verte større enn 5 dekar. Yttergrensene for arealet vert avklåra ilag med kommunen før arbeidet tek til.
- Høgda på massetaket må ikkje overstige 15 m.
- Det kan vere drift i massetaket mellom kl 07.00 og kl 21.00 på vekedagane frå måndag til og med fredag. Laurdagen avsluttast arbeidet kl 17.00.
- Det skal ikkje vere uttak av masse, sundagar og andre heilagdagar.
- Området må sikrast slik at ikkje dyr eller menneske kan komme til skade som følgje av inngrepet. Eventuelle sikringstiltak kan påleggjast av Bygland kommune.
- Opprydding og avplanering ved avslutting av uttaket skal godkjennast av Bygland kommune.
- Dette løyvet er gyldig til 31.12.2019.
Kjelde
- Protokoll for Plan og ressursutvalet i Bygland, sak 51/10 vedteke 20. april 2010.