Samkommune

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. desember 2010 kl. 17:04 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Samkommune er eit forpliktande samarbeid om tunge kommunale oppgåver mellom to eller fleire norske kommunar. Regjeringa har hatt til høyring eit forslag om å lovfeste samkommunemodellen. Bakgrunnen for det er at det har vore gode røynsler med modellen i Trøndelag, der ein har to samkommunar: Innherred samkommune og Midre Namdal samkommune.

Samkommunemodellen er mykje brukt i Finland, som har nærare 250 samkommunar eller kuntayhtymä, som det heiter på finsk. Der er det innanfor helse og sjukepleie er ein samkommune som omfattar alle dei finskspråklege kommunane i landet. Den heiter Kårkulla samkommun. I Sverige er det om lag 80 samkommunar, dei vert kalla kommunalförbund og er verksame både innan brann. og redningsteneste og innan utdanning.

I ein samkommune er det etablert eit kommunestyre frå dei kommunane som er med i samkommunen. Dermed er styringa framleis hos politikarane, og ikkje flytta til byråkratiske organ. Setesdal Regionråd er ikkje ein samkommune, rådet organiserer oppgåver på vegne av Setesdalskommunane.

Eksterne lenker