Silje Marie Rygnestad Nesvaag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. september 2014 kl. 10:32 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Silje Marie Rygnestad Nesvaag
Silje Marie med boerboelen Loba
Født: 1983 (alder 42–43)

Silje Marie Rygnestad Nesvaag (født 1983) er leiar for PPT Setesdal frå februar 2011, då ho tok over etter Olav T. Åkre. Ho vaks opp i Porsgrunn og tok si profesjonsgrad i psykologi ved NTNU i Trondheim hausten 2010. Hovudoppgåva hennar var Tassende terapi. - Teoretisk innlemmelse av hundeassistert terapi i skjemafokusert kognitiv behandling av borderlinepersonlighetsforstyrrelse, den skreiv ho saman med Julie Valen.

Besteforeldra hennar kom frå Utistog i Bykle. Garden ligg like ved Bykle kyrkje og er ein av dei tre største gardane i Bykle, og Silje Marie Rygnestad Nesvaag arva garden som tenåring. Ho har hatt utsetting med buplikta på grunn av utdanning, men då ho fekk jobben i PPT Setesdal med kontorstad i Valle, høvde det godt å bu på garden som ho har brukt som fritidsbustad tidlegare.

I fritida er ho aktiv innan kampsport og har vore innom både kickboksing, shootfighting, boksing og mixed martial arts. Ho er og aktiv innan vektløfting. 5. mars 2011 fekk ho sølv i vektløfting i 75-kilosklassen i NM.

Kjelder

Eksterne lenker