Tappen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. november 2010 kl. 21:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tappen DA er namnet på storkiosken, kafeen og gatekjøkkenet på den tidlegare Shellstasjonen i Bygland sentrum. Stasjonen vart automatisert hausten 2010 og stengde dørene, men i november same året opna Gro Tove Frafjord Helle og Tove Knudsen for å drive i ei ny form. Dei har ope frå 12 til 20 til vanleg, men til 21 fredag og sundag. I tillegg til kioskvarer vil dei og forhandle noko bilrekvisita, som motorolje, lyspærer, sikringar, vindusviskarar og spylevæske.

Planen er også å drive catering frå Tappen, men for å få det til, må dei få på plass eit smørekjøkken i det tidlegare bakromet på stasjonen.

Kjelde