Mari Hovstad
Mari Hovstad (fødd 15. mai 1920, død 19. desember 2007) budde i Grendi. Ho var ugift. Svigerinna Kristine, nieser og nevøar og annan familie levde etter henne. Gravferda var frå Årdal kyrkje torsdag 27. desember 2007 klokka 13. I staden for blomar, ynskte ein heller ei gåve til Misjonsalliansen.
Mari Hovstad var dotter til bonde Tomas Hovstad og kona Anne Hovstad. Ho vart utdanna til sjukepleiar ved Menighetssøsterhjemmet i 1952, tok jordmorutdanning i Bergen året etter og vart deretter menighetssøster i Bragernes. I 1955 vart ho sendt ut av Misjonsalliansen til Taiwan, der ho hadde teneste ved spedalskesjukehuset i Taipei. Deretter var ho ved Misjonsalliansen sitt sjukehus i Pingtung i to år før ho kom til Hsinchu. Etter heimeopphald kom ho tilbake til Changhua.
Kjelde
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 102, 2007 side 2
- Artikkel om Mari Hovstad i Norsk Misjonsleksikon 1966 bind 2 spalte 283-294