Stein Føreland Straume

Stein Føreland Straume (fødd 1977) driv Straume Gard på Straume. Han overtok garden i 2012 og satsar på å byggje han opp til å kunne ha 400 vinterfora sauer der. Første året etter han overtok, hadde han 70 vinterfora sauer, så auka han til 90.
Før han kom heim til Straume att, var han i Forsvaret frå 2008 til 2012, då han avslutta si militære karriere som stasjonsjef på Grensen mot Russland, der han hadde ansvaret for å vakte Schengen si yttergrense mot Russland.. Før det, frå 2002 til 2008 var han i politiet og gjorde mellom anna teneste som politi i Kirkenes.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Byggjer for 400 vinterfora sauer. Artikkel i Setesdølen nr. 31, 2014 side 2