Hopp til innhald

Notto Rosseland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. mars 2014 kl. 19:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Notto Rosseland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Notto Rosseland (fødd 14. mars 1939) var lærar og rådgjevar på Evje skule. Han hadde eit avbrot eit par år då han underviste ved Horrnes vidaregåande skule. I skulen var han særleg oppteken av å ta i bruk datateknologi.

Politisk var Notto Rosseland engasjert i Kristeleg Folkeparti og med i kommunestyret og ei rekke nemnder og utval i mange år. I 1980 var han varaordførar då Asbjørn Kjetsaa var ordførar, men sjukdom sette han utanfor arbeidsliv og politikk.

Kjelde