Georg B. Viki

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. januar 2014 kl. 15:02 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (31)
Hopp til navigering Hopp til søk

Georg B. Viki (fødd 1935, død 25. januar 2014) budde på Valle bygdeheim den siste tida. Han etterlet seg døtrene Marie og Tora, svigerson, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Valle kyrkje fredag 31. januar 2014. Etter gravferda var det minnestund i Valle menighetshus.

Georg B. Viki var den mellomste i ein søskenflokk på tre. Han tok seg yrkesutdanning på Blakstad og teknisk skule i Oslo. Han vart gift med Tone Viki, fødd Lund. I Valle var han ein etterspurd bygningsmann med eige firma som mellom anna sette opp Valle Motell og Valle Barnehage. Sidan fekk han vanleg jobb som snekkar på Otra Kraft i nokre år før han vart sjølvstendig næringsdrivande med eiga byggeforretning, Georg Viki Byggeforretning.

Kjelder