Hopp til innhald

Tjaldal naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. juli 2026 kl. 06:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstern lenke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Tjaldal naturreservat.
Foto: statsforvalteren.no/agder

Tjaldal naturreservat ligg på austsida av Svartevatn og Tjaldalsvatn mellom Lognavatn og Tjaldal i Åseral og dekker eit totalareal på 1656 dekar. Vernevedtaket er gjort ved kongeleg resolusjon 23. juni 2026 og er kome til gjennom ordninga med frivillig vern.

Føremålet med forskrifta er å ta vare på eit område som:

  • representerer ein bestemt type natur i form av ein stor samanhengande rik edellauvskog
  • inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur som lågurt-edellauvskog og frisk rik edellauvskog i form av alm-lindeskog.

Det er ei målsetting å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Kjelder

Eksterne lenker