Solfrid Dåsvand-Holtet
Utsjånad
| Solfrid Dåsvand-Holtet | ||
|---|---|---|
| Født: | 14. mai 1947 (79 år) | |
Solfrid Dåsvand-Holtet (fødd 14. mai 1947 på Figgjo) gjekk på Sandnes gymnas og tok eksamen artium i 1966. Deretter tok ho lærarutdanning. Etter eitt år på misjonslinja på Baptistenes Teologiske Seminar i 1969 vart ho sendt av Det Norske Baptistsamfunn til Zaire, der ho var misjonær i fleire periodar. Etter endt misjonærteneste var ho lærar på Troens Bevis sin bibelskole i Sarons Dal.
Etter at Solfrid Dåsvand vart pensjonist, flytta ho tilbake til Figgjo. I 2016 gifta ho seg med Kjell Holtet, ein misjonær ho hadde samarbeidd med i Zaire, men som var blitt enkemann. Dei har hatt vikarteneste som pastorar fleire stader.