Austad leikarring
Austad leikarring er ein leikarring som samlast kvar måndag i Ose grendehus. Ein gong i månaden har dei spelemann og gangarinstruktør, dei andre gongene er dei 33 medlemmene frå Rysstad i nord til Byglandsfjord i sør delt i tre grupper og trenar utan levande musikk. I oktober 2013 hadde dei til og med hip hop-kurs. Austad leikarring opptrer mellom anna på arrangementet på Ose 17. mai.
Kjelde
- Austad leikarring på Hip hop kurs. Artikkel i Setesdølen nr. 83, 2013 side 12