Rygnestadtunet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. oktober 2013 kl. 12:39 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bytta bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rygnestadtunet
Foto: Siri Johannessen
Rygnestadloftet
Foto: Frode Inge Helland

Rygnestadtunet er eit særmerkt gardstun på Rygnestad i Valle kommune, om lag ei mil nord for Valle sentrum. Tunet er autentisk, bygningane er bygde der dei står og er ikkje flytt til tunet. Einaste unntaket er kvernhuset. Den eldste delen av stogehuset er frå tida før svartedauden, medan dei nyaste bygningane er sett opp på 1900-talet. Garden har vore museum sidan 1940, då Setesdalsmuseet overtok anlegget, der det ikkje hadde budd folk sidan 1919. Stogehus og dei to lopta vart freda i 1923.