Høkje
Ei Høkje er ein staur eller stokk, om lag ein meter lang, som ein slo ned i jorda på støylsvollen og batt kua til. Banda (kyrne) blei flytta rundt på støylsvollen kvar morgon. På det viset låg dei turt og godt og heile støylsvollen blei gjødsla.