Norrfjärdens kyrka

Norrfjärdens kyrka er ei kyrkje frå 1967 i Norrfjärden, om lag ei mil nord for Piteå i Lappland i Sverige. Ho erstatta ei eldre kyrkje frå 1913 som brann ned i 1963. Arkitekt var Göte Lundström. Lys innredning i tre er kontrast til mørke vegger i teglstein. Tårnet er ein stålkonstruksjon der kyrkjeklokkene heng.
Orgelet er bygd av Grönlunds orgelbyggeri i Gammelstad og vart vigsla 1. sundag i advent 1997. Det har 38 stemmer fordelt på fire verk, tre manual og pedal. Det er kopi i nytt material av orgelet i tyske Sankta Gertruds kyrka i Stockholm og tok utgangspunkt i ein protokoll oppretta i 1684 av Gustav Duben. Temperering er etter den tids praksis i middeltone.
Orgelet kunne ein høyre i Postludium i Valle Radio 19. august 2025.