Hopp til innhald

NOK Agder

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. juni 2025 kl. 23:52 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (NOK)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

NOK Agder er eit hjelpetilbod til personar over 16 år som har vore utsett for seksuelle overgrep. Dei og deira pårørande kan få gratis rettleiing og opplæring. Ein kan ta kontakt på telefon og vere anonym, og rettleiarane har teieplikt.

Stiftinga får økonomisk stønad frå kommunar i Agder, Agder fylkeskommune, Helse Sør-Øst og BUF-direktoratet. Også skuleklassar, lærarar, helsepersonell og andre kan få kurs og rettleiing.

Frå 2025 er tenesta etablert på Evje, der rettleiar Harald Eivindson har kontordag kvar torsdag.

Kjelder