Knut Erik Jordstøyl
Knut Erik Jordstøyl (fødd 15. desember 1973) er leiar av organisasjonskomiteen for Landskappleiken 2026 som skal vere på Hovden. Han har lang røynsle frå organisasjonsarbeid både innan 4H, ungdomslaget, politikk og folkemusikk. Han deltok på sin første kappleik som 15-åring i 1998 i Bø i Telemark. I 1995 fekk han 1. og 2. plass i dans i B-klassen, og han har hatt ulike roller på fire tidlegare kappleikar.
Kjelde
- Torleiv Berdal: Desse lagar landskappleik i Setesdal neste år. Artikkel i Setesdølen nr. 32, 2025 side 8