Anne Drivsli
Anne Drivsli (fødd 1757, død 24. juni 1829) var husmann på plassen [Drivsli]] på Austadheia i Bygland, noko vest for heiegarden Vestre Kile. Ho tok over plassen i 1783, etter at systera Tone døydde. Etter ei lang rekke rettsaker, der ho aldri gav seg trass i at ho tapte mange av sakane, flytta ho frå staden, kanskje i 1796. Men ho heldt fram med å reise inn på Austadheia med ein flokk geiter kvar sommar. 24. juni 1829 drukna ho då ho skulle ta seg over elva ved Vånarosen.
Det er mange segner om henne i Austad sokn.