Tussar

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. desember 2024 kl. 10:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tussar var nokre små, gråkledde skapningar som budde i haugar og berg.

Dei var vene som unge. Men jentene drogst med ei lei rove (hale) som dei mista fyrst når dei gifta seg med ein kristen gut. Ein måtte halde seg til vens med tussane, ellers kunne dei skade buskapen og uroe dei på støylane. Aller verst var det når tussane «bytte born». Då la dei sitt i staden for det andre barnet. Slike barn blei kalla «bytingar», og var gjerne vanskapte eller halvtullingar.

Kjelder