Austadportalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. desember 2024 kl. 15:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Geir Daasvatn flytte sida Austadportalane til Austadportalen: Endret til eintal, då det eigentleg er tale om to beitskier som har stade i same portal, ikkje to portalar.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Portalplankane.
Foto: Ove Holst. Fra Universitsmuseenes fotoportal (Unimus)/Wikipedia CC BY-SA 4.0

Austadportalane er to portalplankar fra Austad stavkyrkje i Bygland. Dei vart overførte til tømmerkyrkja på 1600-talet og seinare til Oldsaksamlinga. Då skal dei ha vore «i afkappet og forhugget tilstand sammenslaaede til en dør».

Motiva i utskjeringane er, som t.d. på portalane frå Hylestad og Vegusdal, frå Volsungesaga, men Austadportalane konsentrerer seg om siste delen av segnkrinsen og skildrar lagnaden til Hogne og Gunnar. Elles har portalen ornament av telemarkstypen med vertikalt oppstigande dyrehovud.

Kjelder