Hopp til innhald

Fiskevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. juli 2013 kl. 21:06 av Knoett (diskusjon | bidrag) (Ny side: er ein nesten attgrodd sti mellom Nomeland og Uppstad i Valle kommune. Vegen begynner nederst nokre meter aust for brua med rv9 over Kåvåne, og fører opp til Uppstadvegen ved den ska...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

er ein nesten attgrodd sti mellom Nomeland og Uppstad i Valle kommune.

Vegen begynner nederst nokre meter aust for brua med rv9 over Kåvåne, og fører opp til Uppstadvegen ved den skarpaste svingen øvst i den brattaste strekninga. Sjølve traseen er ikkje lett å sjå, men går antakelig nesten som ei rett linje på kartet, i to bratte kneiker med ei lita slette mellom og i begge ender.

Vegen har også ei avgreining oppi bakken til Grindeskard.

Vegen er rask/skjot å gange, men er også kjend for å vere kronglut.

Eit kjend stev av Olav K. Uppstad frå Nomeland lyder slik: «Fiskevegjen æ' vond'e gange, men Oppstadjenton æ' verre fange. Fiskevegjen æ' vond'e gå, men Oppstadjenton æ' verre få.»

[1]

  1. Gards- og ættesoge, Hylestad i Valle kommune, bind 2, side 438