Gjermund Johansen
Utsjånad
Gjermund Johansen (fødd 14. mai 1910, død 2. november 1997) var gruvearbeidar og røyrleggar. Han budde på Evje. Under andre verdskrigen var Gjermund med i ei kommunistisk motstandsgruppe i Evje, med forgreiningar til «Lumbergruppa» i Kristiansand. Han blei arrestert av tyskerane 8. oktober 1942 saman med mange av kameratane sine, og sat i tysk fangenskap til freden i 1945.