Hopp til innhald

Myklandsdalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. desember 2023 kl. 23:43 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Skripeland)

Myklandsdalen er eit lite dalføre som går i nord-sørleg retning like vest for Mykland sentrum, sør for Fylkesveg 42, om lag der Fylkesveg 413 tek av frå Fv-42 mot Bås og Åmli. UNder issmeltinga førde bre-elvane med seg lausmateriale, som leire, sand og grus, som så vart avsett på flatare parti i landskapet. Myklandsdalen er eit eksempel på landskap der dette har skjedd.

Det går skogsbilveg frå Fv-42 sørover gjennom heile dalen mest fram til den fråflytta garden Skripeland.

Kjelder