Karin Bøe

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. mars 2023 kl. 22:50 av Sigmund (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «https:\/\/blog\.setesdalswiki\.no\/....\/..\/(.*)» til «https://setesdalswiki.no/blog/$1»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Karin Bøe
Født: 9. april 1970 (56 år)
Valle vevs lokaler
Foto: Siri Johannessen

Karin Bøe (født 9. april 1970 i Kristiansand) driv Valle Vev. Ho er utdanna lærar og kom til Valle kommune som lærar på Hylestad skule i 1995. Alt året etter etablerte ho Valle Vev, og etter fire år som lærar, gjekk ho over til å drive veving på heiltid. Sidan har ho hatt deltidsstilling som klokkar i Valle og også vore vikar i Postverket.

Sidan tok ho sveinebrev i handveving i 2004 og mastergrad i tradisjonskunst i 2005 på Høgskolen i Telemark (Rauland) med ein masteroppgave om veving i Setesdal: Rugger i rosengang. Ein særmerkt vevtradisjon i Øvre Setesdal rundt 1900.

Arbeidet med masteroppgåva var grunnlaget for boka som ho gav ut i 2012: Rugger og brossar som er ei stor og flott bok der ho presenterer tekstilkunst frå Setesdal.

2. juli 2022 til 6. august 2022 deltok ho på utstillinga Setesdal. Vår tid i Valle.

Eksterne lenker