Hopp til innhald

Dreng Brokka

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. februar 2013 kl. 23:51 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Dreng Brokka)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Dreng Brokka (fødd 23. mai 1904, død ? ) var bonde på Brokka i Oveinang og ordførar i Valle kommune frå 1963 til 1975. Alt i 1946 vart han vald inn i Valle kommunestyre for Bondepartiet. Han var formann i forliksrådet og likningsnemnda, medlem av skulestyret og jordstyret og fleire andre kommunale nemnder og råd. Han var og med i Aust-Agder fylkesting og i fylkesutvalet og han var skjønsmann, takstmann og domsmann.

I hans tid som ordførar hadde Valle kommune sterk vekst på grunn av kraftutbygginga, og Dreng Brokka arbeidde mykje med planane om å få til veg mellom Brokke og Suleskar. I hans tid vart barne- og ungdomsskulen bygd, soknehuset på Rysstad og samfunnshuset i Valle, Valle alders- og sjukeheim og fleire kommunale bustader vart og bygde i denne tida. Aust-Agder fylke bygde også husstellskule og yrkesskule i Valle i denne perioden.

Garden i Brokka overtok Dreng Brokka alt i 1943. Han var sterkt engasjert i skogsdrifta på garden han hogg tømmer og planta skog og fekk tid til å engasjere seg som formann i Valle skogeigarlag i 12 år.

Kjelde

  • Kommunalpolitisk veteran i Valle runder 75 år. Omtale i Agderposten 22. mai 1979