Valborg Frøysnes
Valborg Frøysnes (fødd 1977) er skodespelar og har vore fast tilsett skodespelar ved Teatret Vårt i Molde sidan 2004. Ho har utdanninga si frå Rose Bruford College of Speech and Drama i England. Etter utdanninga har ho både arbeidd som skodespelar og dramalærer i London. Ho er dotter til ambassadør Torbjørn Frøysnes frå Bygland.
Roller
Ved Teatret Vårt har ho hatt roller i
- Ansiktet på Mars
- Trollspeilet
- Erasmus Montanus
- Lukten av grønt gress
- Veien til Kleptomantra
- Elling i nærkontakt
- Et rom for kjærlighet
- Vinterdvale som fekk Heddaprisen for beste barne- og ungdomsforestilling.
Vidare har Valborg Frøysnes spelt i
- Det regner aske
- Sigurd Slembe
- Presidentinnene som fekk Heddaprisen for beste birolle.
- Taremareby
- Over Ævne II
Prisar
- Heddaprisen for beste birolle i rolla som Mariedl i Presidentinnene.
Kjelder
- Setesdølen nr. 75, 2010 side 3