Hopp til innhald

Brokke skule

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2021 kl. 13:05 av Siri J (diskusjon | bidrag)

Brokke skule vart bygd i Brokke rundt 1870. Ein periode, då det var få barn i Brokke, vart skulen flytt til Nomeland og plassert litt sør for Sylvartun. Då det seinare kom fleire ungar i Brokke, vart skulen flytt opp att. Skulen var i bruk til skulane i kommunen vart sentraliserte og Hylestad skule vart bygd på Nomeland. Seinare vart skulen flytt att og plassert bak Hylestad skule, der han no er skulemuseum.

Kart

Laster kart ...