Hopp til innhald

Magl Harstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. juni 2020 kl. 13:39 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Magl Harstad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Magl Harstad
Født: 8. januar 1886
Død: 13. november 1980 (94 år)

Magl Harstad (fødd 8. januar 1886, død 13. november 1980) budde på Oppigard Uppstad. Ho var enke etter lærar Tarald J. Uppstad. Dei fekk barna Tone Tofteland, Jon Harstad, Bjørgulv Harstad, Jorånd Bø, Birgit Nomeland og Knut Harstad. Fravferda var frå Hylestad kyrkje laurdag 22. november 1980 klokka 12. Alle som ville fylgje til grava var hjarteleg velkomne. Ein ynskte ikkje kransar eller blomar.

Foreldrene til Magl Harstad var Bjørgulv G. Rysstad og kona Jorunn. Magl hadde eit lyrisk sinn:

Sky'ne fort yve himlen jage,
eg sit'e drøyme i Botnedale.
Ein kakd'e vubd'e u kayvet slit
og eit uroleg hjarta i bringunn' mi.

Kjelder