Djup trong

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. juni 2020 kl. 18:30 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Djup trong)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Djup trong er eit dikt av Tormod Uleberg.

Teksten

I ljose liser var ein song
med sjølve livet veldig nære.
Hugen kjenner sterkt ein trong
til atter der i lunden vere.

Susen frå leikne vindar - milde
har fare bort frå meg i dag.
Men om eg kunne sitje stille,
kan hende kjem det nokre drag.

I mørke kveldar durar stormen -
vill og fæl og haustleg kald.
Under steinen kryp snart ormen
og spinkle blomar brest med vald.

Djupt i hjarta skjeldv ein trong
mot kvite blomar på ei myr.
Kan det hende nok ein gong
at våren kjem - sterk og yr?

Kjelde