Kristin Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. oktober 2012 kl. 21:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Kristin Brokke)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristin Brokke (født 1973 i Kristiansand) er miljøterapeut i Valle kommune. Ho bur i Brokke, er utdanna lærar og arbeidde som lærar nokre år på Hylestad skule før ho gjekk over i avdeling for habilitering. Kristin er gift med Tor Brokke, dei har to barn.

På fritida driv Kristin Brokke som kunstmålar, og 20. oktober 2012 hadde ho separatutstilling i Frikyrkja Valle. Tidlegare har ho vore med på Valleutstillinga (2001) og hatt utstilling på Frk. Larsen i Kristiansand. I starten arbeidde ho mest med figurative motiv, men etter kvart har det blitt meir abstrakte motiv i kunsten hennear. Ho har delteke på kurs ved Nydalen kunstskole i Oslo fleire gonger.

Kjelder