Sveikadden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. september 2018 kl. 16:17 av Torkjelaustad (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Boksølet Sveikadden

Sveikadden er ølet som Torkjel Austad produserer i Bygland Bryggeri. Ølet vart lansert i 2018 og har smak av einerkvistar plukka på heia ved Austad i Bygland. Ølet er brygga på byggmalt, rug og havre. Kveiken (gjæren) er ein kultur som kjem frå Voss og har vore dyrka i generasjonar. Ølet kan ein få på boks, 0,33 liter med alkoholprosent på 4,7. Det er særleg distribuert i Setesdal, men kan også kjøpast hos Gulating ølutsalg sine butikkar, mellom anna i Oslo.

Det vert også produsert ein sterkare variant som blir levert på fat. Der er alkoholprosenten 7.

Kjelder