Borghild Werdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mars 2018 kl. 13:00 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Borghild Werdal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Borghild Werdal
Født: 8. mars 1928 (98 år)

Borghild Werdal (fødd Gletne 8. mars 1928) bur på Øvre Nerstøl i Eiken. Ho er enke etter John Werdal. Dei fekk seks barn, men ein døydde tidleg, det var bare fem som levde opp. Ein av dei var Ånen Werdal, den tidlegare ordføraren i Hægebostad kommune.

Gjennom åra hadde Borgild mange ulike jobbar. Ho kjørte lastebil, hogg tømmer, skar stav, tok på seg husmåling og var avløysar i landbruket i tillegg til å stelle på eigen gard. Tre år var ho også industriarbeidar på Eiken Mekaniske og dreiv med sprøytelakkering og sandblåsing.

Kjelder

  • Sigurd Haugsgjerd: Eit grepa kvinnfolk frå indre bygder. Artikkel i Setesdølen nr. 19, 2018 side 4 og 5