Olav Bø (1918)
Olav Bø (fødd 19. mai 1918 på Bø i Bygland, død 26. juli 1998 i Bærum) var professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo.
Han tok eksamen artium på Hornnes landsgymnas i 1938, deretter gjekk han på befalsskule i Kristiansand. Under krigen tok han lærarutdanning i 1942 og var lærar eit år i Mandal. Han var med i Milorg, og den siste krigsvinteren sat han i tysk fangenskap på Grini. I 1946 fekk han plass på Krigsskolen, men valde å studere filologi. I 1950 tok han hovudfagseksamen i norsk på ei avhandling om Johannes Skar. I 1955 tok han doktorgraden på avhandlinga Heilag Olav i norsk folketradisjon. I 1974 vart han professor i folkeminnevitskap. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963.
Året før han døydde, heldt han foredrag om Johannes Skar og folketradisjonen på eit seminar i Valle med særleg vekt på heimbygda Bygland.
Heder
- Norges almenvitenskapelige forskningsråds pris for populærvitenskapelig innsats 1983
- Heidersmedlem Det Norske Samlaget 1983
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1988
Bibliografi
- Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Setesdal». Olaf Norlis forlag. Oslo 1953.
- Heilag Olav i norsk folketradisjon. Det Norske Samlaget. Oslo 1955. (Doktorgradsavhandling.)
- Faksar og kyrkjerestar. Norsk Folkemuseum. Oslo 1959.
- Norsk skitradisjon. Norsk kulturarv 1. Det Norske Samlaget. Oslo 1966.
- Norsk eventyrbibliotek 1 – 12, Redigert av Brynjulf Alver, Olav Bø, Reimund Kvideland og Mortan Nolsøe. Oslo 1967 – 1981.
- Vår norske jul. Det Norske Samlaget. Oslo 1970. ISBN 82-521-1076-2
- Folkemedisin og lærd medisin. Norsk medisinsk kvardag på 1800-talet. Det Norske Samlaget. Oslo 1972.
- Utsyn over norsk folkedikting. Det Norske Samlaget. Oslo 1972. ISBN 82-521-0071-6
- (Saman med Ørnulf Hodne): Norsk natur i folketru og segn. Norsk kulturarv 11. Det Norske Samlaget. Oslo 1974. ISBN 82-521-0359-6
- Norske årshøgtider. Universitetsforlaget. Oslo 1980. ISBN 82-00-05334-2
- Setesdal. Folk, kunst og tradisjon. Grøndahl & Søn. Oslo 1980. ISBN 82-504-0427-0
- (Saman med Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Segner. Segner i utval med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1981. ISBN 82-521-2019-9
- (Saman med Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Eventyr. Med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1982. ISBN 82-521-2213-2
- Folketradisjon og kulturarv. Det Norske Samlaget. Oslo 1988. (Festskrift til 70-års dagen med artiklar av Olav Bø) ISBN 82-521-3155-7
- Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum. Det Norske Samlaget. Oslo 1991. ISBN 82-521-3687-7
- Johan Grøttumsbråten – skikonge og motstandsmann. Universitetsforlaget. Oslo 1999. ISBN 82-00-45240-9
Om Olav Bø
- Knut Kolsrud, Bjarne Hodne, Ronald Grambo og Anne Swang (red): Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø på 60-års dagen 19. mai 1978. Universitetsforlaget. Oslo 1978. ISBN 82-00-01798-2
Kjelder
Velle Espeland: Olav Bø som folkeminnegranskar. I Norveg 41, Nr. 2 1998, s. 3 – 14.