Sigurd Aanundson Hegland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. juli 2012 kl. 18:59 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny artikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigurd Aanundson Hegland vaks opp på Heggland, fødd i 1866 og døydde i 1889. I kyrkjeboka kan ein lesa: Dræbt af Lynet.

Sigurd var komen heim frå militærtenesta, og hadde lagt i veg innover Hegglandsheia mot støylen Grostøyl der familien låg på denne tida. Eit kraftigt torever kom brått på då han passera støylen Lægjet. Han vart råka av lynet og drepen på staden. Dagen etter vart han funnen av folk som kom forbi same vegen.

Broren Knut sette året etter opp eit minnesmerke over hendinga. Dette var ei steinsamling med ei kvitmåla treplate med eit lite tak over. Inskripsjonen hadde denne ordlyden: Sigurd Aanundson Hegland. Døydde af Lynelden her den 6. juli 1889. Var Fød den 18. Desember 1866. Minnet den 28. Mars 1897. K.Å.H.

Minnesmerket vert restaurert. Etter meir enn hundre år i all slags ver var det lite att av minnesmerket frå 1897. Men i 2008 kom eit nytt minnesmerke på plass på same stad. Ein av brørne til Sigurd Aanundson Hegland var bestefar til Oddvar Gunstveit, og saman med mellom anna Arthur Breda-Gulbrandsen og Bjarne T. Tveit sette dei opp eit nytt minnesmerke.

Kjelder