Dåsvassdalen naturreservat
Dåsvassdalen naturreservat er eit 3017 dekar stort naturreservat i Evje og Hornnes kommune. Det ligg vest for Dåsåna. Området er verna etter ordninga med frivillig skogvern, og reservatet vart oppretta ved kongeleg resolusjon av 21. juni 2017.
Formålet med vernet er å ta vare på eit område med bratte og nordaustvende lier med åpen og engprega lauvskog. Slike lier er svært sjeldne. I liene er det gamle edellauvtre. På alm, spisslønn og grov osp (opp til ein meter i diameter) er det lungenever. Det er også grov, gammal eik i området. I Svarteberglia er det ein gammal barlindskog med til dels svært grove tre. Den er ein av dei mest verdifulle ein kjenner i Norge.