Valle supperåd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. mai 2012 kl. 11:40 av 2.150.32.4 (diskusjon)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle supperåd var eit forum i Valle kommune rundt 1990.

Motto: glupe idear, bygdeutvikling, gjere god, gamal setesdalskultur tilgjengeleg for moderne menneske.

Ein gjeng med kommunalt tilsette og andre med god fantasi var med, og dei samlast på Valle Motell kvar tysdag etter arbeidstid til suppe med rundstykke.

Frå Trydal hadde vi to genuine karar: biletkunstnaren Bjørn Frode Egelandsdal og metallfantasten Lerøen. Han var oppteken av gruvene frå farne tider. «Kalven er på Kongsberg, kua på Straume», heitte det. Bøgruva vart også drøfta. Lerøen fekk folk frå Evjemoen til kome opp med metalldetektorar, og dei påviste litt funn.