Daniel Danielsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2010 kl. 23:41 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Eksterne lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Daniel Danielsen (fødd 1874 på Askerøy i Tvedestrand, død 1957) var rektor på Hornnes landsgymnas frå 1923 til 1950.

Biografi

Daniel Danielsen vart fødd inn i ein skipsførar- og reiarfamilie. Han tok artium i Tvedestrand i 1897 med beste karakter i nesten alle fag. Deretter studerte han realfag på Universitetet i Kristiania. Her fekk han vere med i forsking saman med professor Reidar Birkeland og Fridtjof Nansen. Etter at han hadde tatt matematisk-naturvitenskapelig lærareksamen i 1902, var han lektor ved Kristiansand Katedralskole i 21 år. Etter det kom 27 år som rektor ved Hornnes landsgymnas.

Sakprosaforfattar

Daneilsen var ein flittig forfattar av både bøker og tidsskriftartiklar, mest innan geologiske emne.

Elles var hovedinteressen slekts- og lokalhistorie. Han skreiv ei lang rekke artiklar i historietidsskrift og årbøker. Men freafor alt var han oppteken av lokalhistorie frå Dypvåg. I 1930 gjorde han ein avtale med gymnasrektor Sophus Jenssen i Oslo, som var frå Skibvik i Dypvåg, om at dei skulle lage eit lokalhistorieverk saman. Jenssen leita i arkiva og skreiv om eigedomane, medan Danielsen skreiv om slektene.

I 1965, ni år etter at Daniel Danielsen døydde, kom Dypvåg Gårds- og slektshistorie i tre bind - heile 2394 sider. Nærare 24.000 personar er omtalt i verket. Dette arbeidet var sterkt medverkande til at begge forfattarane fekk Kongens fortjenstmedalje i gull.

Bibliografi

  • Bidrag til Sørlandets kvartærgeologi 1910
  • Um steinane og jordi 1921
  • Festskrift til Hornnes kyrkje sitt hundradaars-jubileum 1928
  • Hornnes landsgymnas 1918-48 1948
  • Dypvåg Gårds- og slektshistorie 1958
  • Navneregister til Dypvåg gårds- og slektshistorie 1999

Eksterne lenker