Hopp til innhald

Senum Tråvbane

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. april 2012 kl. 11:38 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Senum Tråvbane)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Senum Tråvbane er tråvbanen i Setesdal. Han ligg på Senum og vart opna 1. mai 1992 av styreleiar Egil Tveit i Agder Travforbund. Anlegget vart bygd ferdig etter at ei arbeidsgruppe innan Setesdal Tråvlag med Johs. K. Hansen, Notto Abusland, Arne Hansen, Randi Aas, Jan Terje Skjeggedal og mange andre gode krefter hadde vore i sving.

Opningsstemnet baud på 47 hestar fordelt på åtte løp. 1. mai 2012 var det 15 løp med heile 80 hestar som stilte til start, mange av desse var ponniar, men det var også løp for varmblodshestar og kaldblodståvarar.

Kjelde

Sigurd Haugsgjerd: 20-årsjubileumskøyring på Senum 1. mai. Artikkel i Setesdølen nr. 33, 2012 side 11