Eilert Hægeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. april 2010 kl. 18:13 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fra wikipedia på bokmål, omsett til nynorsk her)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eilert Magnus Hægeland (fødd 22. september 1951 i Arendal, død 13. februar 2004)[1] var ein norsk komponist og organist. Han vaks opp på Evje og gjekk på Kristiansand katedralskole (latinlinje) og Norges Musikkhøgskole. Han debuterte som konsertorganist i 1978.

Frå 1976 til 1979 arbeidde han ved Nordnorsk Musikkonservatorium. Der var han ei drivkraft for å opprette ei eiga kyrkjemusikkutdanning. Han var domorganist ved Bodø Domkirke 1979 - 1986. Frå 1993 var han rektor ved Åmli Musikk- og Kulturskule, der han var til 2002.

Eilert Hægeland komponerte verk for kor, kammermusikk og for orkester. Han skreiv og fleire bryllupsmarsjar, dei fleste med ei neoklassisk uttrykksform. Etter ei alvorlig ulykke (1994) var han mindre aktiv ei tid, men kom seg og vart sidan organist i Bygland og sentral i landsdelens folkemusikkliv.[2]

Heder

Han fekk Aust-Agder fylkes kulturpris.

Eksterne lenker

Referanser