Voss Production

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. januar 2017 kl. 09:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om sidespor til jernbanen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det er enorme dimensjonar over fabrikkanlegget. Den nyaste delen, oppført i 2016, i framgrunnen.

Voss Production er ein kjeldevatnprodusent med tilhald på Vatnestrøm aust i Iveland. Selskapet er eit datterselskap av moderselskapet Voss of Norway ASA. John Helge Austgulen er dagleg leiar. Styreleiar er Jan Eystein Sæbø. I 2016 er det budsjettert med ei utviding av arbeidsstokken med åtte nye tilsette, noko som vil bringe talet på tilsette opp i 82.

Kjeldevatnet vert henta opp frå ei artetisk kjelde 1 100 meter frå fabrikken. Kjelda er overteke frå Iveland kommune. Ho var tidlegare kjelda til vannverket på Vatnestrøm.

Verksemda sel desidert mest vatn til USA. Men den kinesiske marknaden er i sterk vekst. I 2015 var omsetninga i bedriften ca 680 millionar kroner.

I 2016 vart det bygd nye produksjonslokale på 4.800 m2. Desse kom i tillegg til dei eksisterande bygningane, lager og fabrikk, med grunnflate 7 800 m2. I 2017 blei det bygd eit sidespor frå Sørlandsbanen inn til fabrikken. All vasstransport kunne då gå over frå trailer til jernbane.

Historie

Kjelder

Eksterne lenker