Hopp til innhald

Ode til Hovatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. mars 2012 kl. 13:26 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ode til Hovatn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ode til Hovatn er eit dikt av Andres Helle. Det stod på trykk i Setesdølen nr. 22, 2012. Bakgrunnen for diktet er at det er planar om å bygge ein vindmøllepark på fjella aust for Hovatn.

Diktet

Som lyn frå himmel, ja detti hendi,
det iveraska bå kar å kvendi:
No vi da byggje propella der,
som fokk å dyr innmæ Hovatn fer.
Propellan dei bli så himla håge,
ja 150, da æ kji låge.
Dei stend der pistrar å kastar is,
ti evig tid på så kalleg vis.
På Wikipedia da æ kji tause,
om Hovatn der æ da kalleg rause:
«Nydeleg», denne flekk på jord.
Tenk om idyllen ti Bloksberg for!
For den som satsa på hyttekosen,
d´æ vondt gjev myllon den store rosen.
Minst seksti masti på kryss å tvers,
naturskjønt område bli «i revers».
Dei seie myllon gjev arbeidsplassa,
fokk flytje heimte i store massa.
Ola Nordmann kvar var du då,
dei bygde Statnett ein her kan sjå?
Vest å sø i frå Byglands grenso,
naturinngrepi dei møtte stengslo.
For lyngdalsbøndan dei sa ´kji ja,
for sponsa straume: Ko æ det ha?
Ska der bli jakt så må simlon føde,
å dyri beite på markens grøde.
Då kan der jaktast å hentast mat,
som middagsretta på mangt eit fat.
Nei, set propellan i Åraksfjorden,
ein attraksjon å få sjå frå Bjoren.
Då ser ein myllon så flott som det,
å freda fugla fær ver i fred.