Nedre Haugå (Bygland gnr. 36 bnr. 3)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Nedre Haugå er eit gardsbruk (gnr. 36 bnr. 3) nord i Kyrkjebygda i Bygland. Gunnar A. Haugå eig garden, og bur her saman med sambuar Ingvild Nordgarden.
Historie
Etter ein langvarig prosess som tok til på 1500-talet, blei garden Kvåle delt i to, Kvåle og Haugå. Sidan blei kvar av desse gardane delt i to like delar, så det blei fire hovudbruk. Haugå blei såleis til Nedre Haugå og Øvre Haugå. Det skjedde rundt 1650-1660.
Kvåle og Haugå er formelt ein matrikkelgard med namn Kvåle og gardsnummer 36. «Men i røynda er det tale om to gardar», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[1]
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 346-376
- Gardskart på nett
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 183