Agder Rundt 2012 i Bygland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. februar 2012 kl. 14:21 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kunngjering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Agder Rundt 2012 i Bygland vart halde på Bygland folkebibliotek avdeling Byglandsfjord stasjon torsdag 9. februar 2012. Gunstein Bakke som vaks opp i Grendi og Morten von Hafenbrädl som bur på Bygland var forfattarane som gjesta biblioteket denne kvelden. 45 personar fylte roma i den gamle stasjonsbygningen til siste plass denne kvelden, som biblioteksjef Mari Rygg styrte med sikker hand. Tema var «Les og reis», og Gunstein Bakke presenterte og las utdrag frå boka «Maud og Aud» medan Morten von Hafenbrädl etter kaffiøkta fortalde om dei tre EUROTOURING-bøkene som han og kona Grethe har laga om turar på motorsykkel. Han viste også bilete frå turane.

Kjelde

  • Siri A. Johannessen: Trafikal kveld og kollektiv innsats på Byglandsfjord stasjon. Artikkel hos Aust-Agder Kulturnett

Eksterne lenker